Utdeling av jodtabletter ved atomuhell - Prosedyre

Formål

Jodtabletter er eit aktuelt tiltak ved atomulykke med utslipp av radioaktivt jod for beskyttelse mot kreft i skjoldbruskkjertelen. Risikoen er størst for barn, unge, gravide og ammende.

Prosedyren gjelderfor

Tilsette i Giske kommune som har eit ansvar ved eventuell utdeling av jod ved atomuhell; kommuneoverlege, seniorrådgivar kvalitet og beredskap, beredskapsleiinga i Giske kommune, einingsleiarar ved barnehagar og skular, pedagogiske leiarar i barnehagar og kontaktlærarar på skular.

OPPBEVARING AV JODTABLETTAR

Alle barnehagane (kommunale og private) i Giske kommune har jodtablettar til alle barna som har plass.

Alle skulane i Giske kommune har jodtablettar til alle barna som går der.

Giske ungdomsskule har i tillegg jodtablettar til innbyggarar som går på vidaregåande skule (opp til 18 år).

Helsestasjonen har jodtablettar til gravide og ammande.

Kommuneoverlege har reservelager på rådhuset.

Ansvar

JOD-BEREDSKAP

I tilfelle Kriseutvalget for atomberedskap (KU) tilrår å dele ut jodtablettar til befolkninga må følgjande vere gjort på førehand:

Kommuneoveerlege har ansvar for:

  • å bestille jodtablettar til
    • barn opp til 18 år
    • gravide og ammande
    • tilsette under 40 år som kan bli forventa å måtte opphalde seg utandørs

Seniorrådgivar kvalitet og beredskap har ansvar for:

  • å ha oversikt over kvar jodtablettane er og leggje ut informasjon om dette på Giske kommune sine nettsider

Einingsleiar i barnehage/ skule sitt ansvar, men tilrådd delegert til Pedaogisk leiar/ Kontaktlærar:

  • levere ut "Informasjon om mogleg utdeling av jodtablettar ved eventuelt råd frå Kriseutvalget for atomberedskap (KUA)" til føresette ved oppstart av barnehage/ skule. Dette fører til at barnehagen/ skulen automatisk har fått eit passivt samtykke, og ikkje treng å innhente samtykke på anna vis.
  • vidareformidle eventuell skriftleg beskjed frå foreldre dersom dei ikkje ønskjer at barnet skal få jodtablett til einingsleiar i barnehage/ skule

Einingsleiar i barnehage/skule har ansvar for:

  • å oppbevare følgjande samla på ein sikker plass:
    • oversikt over kva barn, som etter eventuelle skriftlege beskjedar frå foreldre, ikkje skal få utdelt jodtablettar
    • tablett skal leggast i lynlåspose; ein lynlåspose til kvart barn (Obs! Gjeld ikkje tablett for barn under 3 år for å unngå å opne forsegling av tablettar)
    • "Informasjon til føresette om utdelte jodtablettar" (1 stk til kvart barn som går i barnehagen/ skulen)
    • sprittusjar og merkelappar til alle lynlåsposer skal bli lagra på same plass som tablettar
MÅLGRUPPE DOSERING AV KALIJUMJODID RECIP 65 MG TABLETTER
Barn 3-12 år 1 tablett. Kan tyggast, knusast eller løysast opp i vatn eller mjølk
Barn 1 mnd-3 år

05 tablett, kan løysast opp i vatn eller mjølk eller knusast

Spedbarn< 1 mnd Skal berre giast under oppsyn av helsepersonell

PROSEDYRE VED RÅD OM UTDELING AV JODTABLETTAR

Kriseutvalget for atomberedskap (KU) er ansvarlege for, og har fullmakt til, å iverksette tiltak for å redusere konsekvensane etter ei atomulykke. Det er dei som eventuelt vil gi råd om utdeling og inntak av jodtablettar.

Beredskapsleiinga i Giske kommune har ansvar for å gi informasjon vidare til barnehagar, skular, helsestasjon og befolkninga i kommunen. Informasjonen må vere tydeleg på om det er utdeling eller også inntak av jodtablettar. Informer også om klokkeslett for inntak dersom det er gitt frå KU.

PROSEDYRE FOR INNTAK AV JODTABLETTAR - UTANOM OPNINGSTID

(Dersom varsel om utdeling av jodtablettar frå Krisetuvalget kjem i kommunal opningstid, men inntaket skal skje etter opningstid).

Einingsleiar og stedfortredar er ansvarleg.

  • finn fram oversikt over kva barn, som etter eventuelle skriftlege beskjedar frå foreldre, ikkje skal få utdelt jodtablettar
  • finn fram lynlåsposane med jodtablettar og "Informasjon til føresette om utdelte jodtablettar"
  • finn fram sprittusjar og merkelappar til alle lynlåsposer

Den som deler ut tabletter må:

  • fyll ut "Informasjon til føresette om utdelte jodtablettar"
  • lynlåspose skal også merkast med tablettens namn, dosering og klokkeslett for inntak.
PROSEDYRE FOR INNTAK AV JODTABLETTAR - I OPNINGSTID

(Dersom varsel om utdeling av jodtablettar frå Krisetuvalget kjem i kommunal opningstid, OG inntaket skal skje i opningstid).

Einingsleiar og stedfortredar er ansvarleg.

  • finn fram oversikt over kva barn, som etter eventuelle skriftlege beskjedar frå foreldre, ikkje skal få utdelt jodtablettar
  • finn fram lynlåsposane med jodtablettar og "Informasjon til føresette om utdelte jodtablettar"
  • finn fram sprittusjar og merkelappar til alle lynlåsposer

Den som deler ut tabletter må:

  • kontrollere om foreldre har gitt beskjed om at barnet ikkje skal ha jodtablett
  • del ut jod til kvart barn i henhold til anbefalt dosering (sjå tabell over)
  • sjå til at kvart barn svelger jod-dosen med litt vatn.
  • skriv dato og klokkeslett på underarma til barnet med sprittusj for å markere tid for inntak
  • fyll ut "Informasjon til føresette om utdelte jodtablettar"
PROSEDYRE FOR UTDELING AV JODTABLETTAR - UTANOM OPNINGSTID

Dersom eit varsel frå Kriseutvalget kjem utanom opningstid (ikkje om natta) vil tilsette ved barnehagen/skulen bli kontakta og må kome på jobb for å klargjere jodtablettar til barn i eininga som ikkje har dette heime.

  • Einingsleiar og stedfortredar er ansvarleg. Dersom ein av dei ikkje er tilgjengelege er det neste ansvarlege i eininga.

    Lover

    Vedlegg