Formål
I Norge er det nesten 20 000 tilfluktsrom med plass til litt over 2,5 millionar menneske. Det er cirka 19 000 private rom med cirka 2,2 millionar plassar og cirka 600 offentlege rom med 300 000 plassar. Tilfluktsromma skal kunna takast i bruk på 72 timars varsel. Det er ikkje bygd tilfluktsrom sidan 1998.
Prosedyren gjelderfor
Beredskapsleiinga i Giske kommune.
Ansvar
OFFENTLEGE TILFLUKTSROM
Offentlege tilfluktsrom er for alle som oppheld seg i det aktuelle området. Kommunen eig desse romma og har ansvaret for vedlikehald, medan Sivilforsvaret har ansvaret for drift og klargjering i ein beredskapssituasjon.
Denne typen tilfluktsrom vart primært bygget i byar og større tettstader for å gi vern for folk som er konsentrerte utandørs i bysentera, trafikkområde og liknande. Offentlege tilfluktsrom kan til dømes vera større fjellanlegg og rom bygd i tilknyting til offentlege bygg, idrettshallar og parkeringsanlegg og dei er skilta på utsida. Ikkje alle kommunar har offentlege tilfluktsrom.
Det er kommunane som har ansvaret for å informera innbyggjarane om kvar dei offentlege tilfluktsromma er. I tillegg skal offentlege tilfluktsrom være skilta frå gata.
PRIVATE TILFLUKTSROM
Dei private tilfluktsromma er for dei som normalt oppheld seg på eigedommen eller bygget. Det kan til dømes være i kontorbygningar, skular, barnehagar, burettslag, bedrifter, butikkar og hotell. Storleiken på private tilfluktsrom er tilpassa talet på personar som normalt oppheld seg på eigedommen. Det er derfor ikkje ønskjeleg at andre som oppheld utanfor eigedommen skal søkja dekning der.
Private tilfluktsrom er bygd på rekninga til byggherren. Eigar av bygget har ansvaret for å halda ved like rommet i fred og klargjere og drifta av rommet ved beredskap.
VERN
Dei fleste tilfluktsrom vil redusere skadeverknadene frå konvensjonelle våpen, det vil seie skader som følgje av trykkbølgjer og frå splintar. Der det er installert mekanisk ventilasjon med ABC-filter, vil skadar frå kjemiske og biologiske våpen bli reduserte. Mange tilfluktsrom vil òg medverke til å redusere stråling frå radioaktivt nedfall, og i noken grad direkte stråling under kjernefysiske sprengingar.
TILSYN
Sivilforsvaret har ansvaret for tilsyn med offentlege og private tilfluktsrom. Standarden på romma varierer som følgje av at dei er bygde under ulike forskrifter, og varierande grad av vedlikehald. Tilfluktsrom som er i jamleg bruk er i generell betre forfatning, enn rom som berre blir nytta sporadisk eller ikkje er i bruk.
Stortinget har bestemt at eksisterande tilfluktsrom skal haldast oppe og haldast ved like.
Lover
Referanser
Om tilfluktsrom | Sivilforsvaret
Utstyr
Offentleg kart over tilfluktsrom: DSB kart internett