Vedtekter for kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR justert 15.02.2024.

Barnehagelova § 8 slår fast at kvar barnehage skal ha vedtekter som regulerer tilhøva mellom barnehagen og foreldra. Barnehagen skal drive i samsvar med lov om barnehagar og gjeldande forskrifter, blant desse rammeplanen. Vedtektsendringar skal godkjennast i samarbeidsutvalet og i Livsløpsutvalet. Lovendringar vil til ei kvar tid bli innarbeid av kommunedirektøren.

1. EIGARFORHOLD Giske kommune eig og driv dei kommunale barnehagane.

2. FORMÅL Barnehagen skal gi barn under skulepliktig alder gode utviklings- og aktivitetsmogelegheiter i nær forståing og samarbeid med heimen. Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd.

3. GODKJENNING AV BARNEHAGAR Etter lov om barnehagar § 14 er kommunen ansvarleg for godkjenning av barnehagar i tråd med lov og forskrift. Alle barnehagar skal vere godkjent av kommunen før verksemda kan starte.

4. FORELDRERÅD OG SAMARBEIDSUTVAL Alle barnehagar skal ha foreldreråd og samarbeidsutval. Alle føresette i barnehagen utgjer foreldrerådet. Foreldrerådet vel to representantar til samarbeidsutvalet, SU. Øvrige SU-representantar er to tilsette, og inntil to representantar for eigar. Funksjonstida for foreldre og tilsette er eitt til to år, og eigarrepresentantane er valde for fire år. Samarbeidsutvalet konstituerer seg sjølv. Styrar har møte-, tale- og forslagsrett i samarbeidsutvalet. Samarbeidsutvalet skal vere rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Barnehageeigar skal sørgje for at viktige saker blir lagt fram for foreldrerådet og samarbeidsutvalet, jfr. barnehagelova § 4.

5. LEIKE- OG OPPHALDSAREAL Barnehagane følgjer til ei kvar tid statleg norm for leike- og opphaldsareal. Per dato er norma 4 m2 over tre år og 5,3 m2 for barn under tre år. Leikeareal ute er seks gongar leike- og opphaldsarealet inne.

6. OPNINGSTID, OPPHALD OG FERIE Barnehageåret startar 1. august og sluttar 31. juli. Giske kommune tilbyr 100 % barnehageplass, 5 dagar per veke. Opningstida er inntil 9,5 timar måndag til fredag.

Barnehagen er stengt 5 planleggings- eller studiedagar i året, desse er gjort kjent i barnehageruta.

Dei kommunale barnehagane er stengt dei tre siste vekene i juli, samt romjul og påskeveke.

Dei kommunale barnehagane er opne 5 dagar i veka, 07.00 til 16.30. Ved for sein henting vil det bli gitt ein skriftleg åtvaring, og gjentatt for sein henting vil medføre oppseiing av plassen

7. OPPTAK AV BARN Barn som fyller eitt år innan utgangen av august det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad i hovudopptak rett til å få barnehageplass frå august jfr. barnehagelova § 16. Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november det året det blir søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå den månaden barnet fyller eitt år.

Tildeling og avslag på søknad om plass i barnehage er enkeltvedtak etter forvaltningslova. Føresette som ikkje får tildelt barnehageplass til barna kan klage på vedtaket etter barnehagelova. Klager på opptak blir vurdert på nytt av kommunedirektøren på bakgrunn av dei nye opplysningane i saka. Klagenemnda behandlar klagene og er endeleg klageinstans.

Melding om opptak og frist for å søkje skal kvart år annonserast i lokalpressa og på heimesida til Giske kommune. Hovudopptaket skjer om våren og nytt barnehageår startar 1. august. Søknad om plass og endring av opphaldstid skal gjerast elektronisk på www.giske.kommune.no.

Barn får tildelt fast plass fram t.o.m. 31. juli før skulestart. Om eit barn skal søkje opphald i anna barnehage, må det søkjast på ordinært vis, og søknaden blir behandla på lik linje med andre søknader. Dersom man søkjer opphald i anna barnehage, og får plass på 1. ønsket, så reknast det automatisk som oppseiing av plassen i noverande barnehage.

Giske kommune har administrativt opptak delegert til kommunedirektøren som fattar vedtak etter innstillingar frå styrarane i barnehagane.

Barn som ikkje får tilbod om barnehageplass blir automatisk sett på venteliste. Søkjarar som kjem til i løpet av barnehageåret blir sett på venteliste. Rundt nyttår blir det sendt melding til søkjarane der dei må stadfeste om dei framleis vil stå på venteliste. Kommunedirektøren tildeler ledige plassar frå ventelista i samråd med styrar i barnehagen ut frå vedtektene.

Plassar som er ledige i løpet av barnehageåret blir ikkje lyste ut med mindre ventelista er tom. For barn med deltidstilbod har styrar ansvar for organiseringa i dialog med føresette.

OPPTAKSKRITERIUM Barnehageplass blir tildelt etter følgjande opptakskriterium:

1. Barn med nedsett funksjonsevne, og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntenester, jfr § 18. lov om barnehagar av 17.06.05.

2. Barn med lovfesta rett til plass etter lov om barnehagar § 16, prioritert denne rekkjefølgje:

A. Barn som etter ei sakkunnig vurdering frå PPT, lege, helsestasjon er tilrådd barnehageplass. Dokumentasjon frå faginstans er kravd.

B. Siste året før skulestart om ein ikkje går i barnehage frå før.

C. Barn med særlege behov for barnehageplass på grunn av sosiale, helsemessige eller andre særlege forhold i heimen.

D. Barn med minoritetsbakgrunn som har behov for språkstimulering.

E. Søsken av barn som har barnehageplass.

F. Barn av tilsette i barnehagen.

3. Ved ledig kapasitet kan det bli tildelt plass til barn utan lovfesta rett til plass. Prioritering som i punkt 2.

Ved samansetting av barnegruppene kan det bli tatt omsyn til alder, kjønn og funksjonsnivå. Opptakskretsen til dei kommunale barnehagane er barn med bustadadresse i Giske kommune. Barn som skal flytte til Giske kommune kan bli tildelt plass i kommunale barnehagar. Barn som flyttar frå Giske kommune kan miste plassen. Barn som ikkje er folkeregistrerte i Giske kommune ved start i barnehagen kan ikkje tildelast plass i dei kommunale barnehagane.

8. OPPSEIING AV PLASS Eventuell oppseiing av plass skal skje elektronisk med minst to månaders varsel. Oppseiing gjeld frå den 1. i påfølgjande månad. Blir plassen sagt opp etter den 1. mars, slik at sluttdato blir etter 1. mai, må ein betale for plassen ut barnehageåret.

Dersom ledige plassar blir disponert av andre barn i oppseiingsperioden, skal det ikkje

betalast lenger enn til plassen blir disponert.

Det er ikkje høve til å søkje permisjon.

9. FORELDREBETALING Betaling for opphald i barnehagen skjer etter dei satsane som til ei kvar tid er vedtatt i Giske kommunestyre. Betalinga er for 11 månader i året. Det blir gitt 30 % moderasjon for det andre barnet, og 50 % i moderasjon for det tredje eller fleire barn. Søskenmoderasjon blir også gitt om søsken ikkje har plass i same barnehage. Moderasjon blir gitt for det barnet som har lavast sats.

I tillegg til foreldrebetalinga for opphald kjem betaling for mat, frukt, mjølk o.l. Måltidet er ein viktig pedagogisk arena som gir gode moglegheiter til læring på ulike områder som til dømes språk og sosialt samspel, det gjes ikkje fritak frå kostpengar.

Dersom foreldrebetalinga blir mislighaldt, blir plassen oppsagt.

10. REDUSERT FORELDREBETALING Foreldre med lav betalingsevne kan søkje reduksjon eller fritak frå foreldrebetaling. Ordninga gjeld for foreldre som er busette i kommunen med barn i kommunale eller private barnehagar.

11. TEIEPLIKT OG OPPLYSINGSPLIKT Barnehagelova § 44 slår fast at teieplikt er gjeldande for alle tilsette i barnehagen, samarbeidsutvalet og politiske utval i samsvar med forvaltningslova § 13 til § 13 f.

Barnehagelova § 45 opplysingsplikt til sosialtenesta og § 46 opplysingsplikt til barneverntenesta er gjeldande for barnehagetilsette.

12. INTERNKONTROLL Barnehagen skal foreta intern kontroll etter gjeldande regler og forskrifter i samsvar med kommunen sine retningslinjer.

13. HELSE Forskrift om miljøretta helsevern er gjeldande i barnehagen. Føresette må informere barnehagen om forhold av betyding for barnet si helse, td. sjukdom og allergiar.

14. MÅLFORM Nynorsk er målform i kommunale barnehagar.