_mrfk Reglement for ungdommens fylkesting

Fastsett i medhald av Lov om kommunar og fylkeskommunar (kommuneloven) § 5-12 vedteke av Stortinget 11. juni 2018.Vedtak i fylkestinget i Møre og Romsdal: sak T-73/19 (14. - 16. oktober 2019) ogsak T-77/20 (13. oktober 2020).

Innhald

  • §1 Føremål
  • §2 Om ungdommens fylkesting
  • §3 Samansetning
  • §4 Møte
  • §5 Val av nytt ungdomspanel
  • §6 Økonomi og administrasjon
  • §7 Endring av vedtekter

§ 1 FØREMÅL

1.1 Ungdommens fylkesting er oppretta etter vedtak i fylkestinget i Møre og Romsdal sak T-78/02.

1.2 Gjennom ungdommens fylkesting skal ungdom i Møre og Romsdal ha reell medverknad, påverke politiske saker i fylkeskommunen, auke ungdommar sitt samfunnsengasjement og bidra til opplæring og erfaring i demokratiske prosessar. Ungdommens fylkesting skal vere eit rådgivande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune i alle saker som gjeld ungdom.

§ 2 OM UNGDOMMENS FYLKESTING

2.1 Ungdommens fylkesting:- skal ha ein årsmøtefunksjon ovanfor ungdomspanelet. Ungdomspanelet leverer årsrapport om sitt arbeid til fylkestinget og ungdommens fylkesting.- tilrår medlemmar til ungdomspanelet, og innstillinga blir lagt fram for fylkestinget for endeleg vedtak.- vedtek eit handlingsprogram om kva saker ungdomspanelet skal jobbe med.- skal vere partipolitisk nøytralt. Delegatane representerer kommunen sin og ikkje eit politisk parti.- er ope for alle.- skal vere rusfritt.

§ 3 SAMANSETNING

3.1 Kommunane i Møre og Romsdal blir invitert til å sende to delegatar til ungdommens fylkesting og til å nemne opp to personlege varadelegatar. Kommunar større enn 20 000 innbyggarar får sende tre delegatar.

3.2 Delegatane skal bli valde frå kommunens ungdomsmedverknadsorgan.

3.3 Ungdommens fylkesting skal bestå av ungdom frå 13 og 19 år, og med folkeregistrert adresse i Møre og Romsdal.

3.4 Ungdommens fylkesting skal så langt det er råd ha kjønnsbalanse jf. likestillingslova § 28. Kommunane skal sende ein gut og ei jente. Ein bør forsøke å rekruttere ungdom med minoritetsbakgrunn.

3.5 Ungdomspanelet kan invitere inntil 10 delegatar frå organisasjonar som representerer ungdom til ungdommens fylkesting. Desse delegatane har røyste-, tale- og forslagsrett.

§ 4 MØTE

4.1 Ungdommens fylkesting har ordinært møte ein gong i året.

4.2 Dersom ungdomspanelet finn det nødvendig, og får det godkjent av fylkesordførar, kan dei kalle inn til ekstraordinært ungdommens fylkesting.• Når vilkåra etter kommunelova § 11-7 og § 11-8 er til stades, kan ungdommens fylkesting ta avgjerd ved

1) - fjernmøte2) - skriftleg saksbehandling

Avgjerd om dette blir gjort av leiaren i kvart einskild høve.

4.3 Ungdomsråd, organisasjonar og andre som representerer ungdomsinteresser kan melde inn forslag til saker av regional betyding til ungdommens fylkesting. Sakene må meldast inn til ungdomspanelet seinast fem veker før ungdommens fylkesting.

4.4 Ungdomspanelet kunngjer ungdommens fylkesting, og sakspapira blir sendt ut og publisert på fylkeskommunen si heimeside seinast 3 veker før ungdommens fylkesting skal arrangerast.

4.5 Ungdomspanelet innstiller til val av møteleiar, som så blir godkjent av ungdommens fylkesting. Det kan vere ein eller fleire personar som er politisk valde utsendingar, representantar frå administrasjonen eller ein annan som ungdomspanelet føreslår.

4.6 Det skal vere politisk og administrativ representasjon frå Møre og Romsdal fylkeskommune under ungdommens fylkesting.

4.7 Ungdomspanelet sine medlemmar har tale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett under ungdommens fylkesting. Dei kan dermed ikkje vere kommunerepresentantar. Leiar og nestleiar i ungdomspanelet har både stemme-, tale- og forslagsrett.

4.8 Delegatar på ungdommens fylkesting har røyste-, tale- og forslagsrett under ungdommens fylkesting, med mindre ho/han er inhabil gjeld reglane i forvaltningslova kap. II og kommunelova § 11-10. Alle delegatar pliktar å røyste.

4.9 Vedtak blir gjort med alminneleg fleirtal. Ved likt tal på stemmer er leiaren i ungdomspanelet si stemme avgjerande jf. kommunelova § 11-9 Dette gjeld ikkje val. Ungdommens fylkesting er vedtaksfør når minst halvparten av delegatane er tilstade.

4.10 Dersom ein delegat frå ungdommens fylkesting skal forlate salen, må han eller ho søke om permisjon gjennom møteleiar. Det er ungdommens fylkesting som avgjer om permisjonen blir innvilga eller avvist.

4.11 Det skal førast møteprotokoll frå ungdommens fylkesting. Protokollen blir sendt til alle delegatar, og blir publisert på heimesida til Møre og Romsdal fylkeskommune.

4.12 Ungdom som deltek på ungdommens fylkesting skal få nødvendig opplæring.

§ 5 VAL AV NYTT UNGDOMSPANEL

5.1 Ungdomspanelet skal ha ni medlemmar og fem varamedlemmar. Ungdommens fylkesting tilrår medlemmar og varamedlemmar samt leiar og nestleiar til ungdomspanelet. Tilrådinga går til fylkestinget som vel ungdomspanelet. Ungdomspanelet blir valt blant delegatane på ungdommens fylkesting og det sittande ungdomspanelet. Alle dei tre regionane skal vere representert, og det skal vere kjønnsbalanse jf. likestillingslova § 28. Det bør vere ei balansert samansetting frå by og land. Ungdomspanelet vel leiar og nestleiar blant medlemmene

5.2 Ungdomspanelet skal vere partipolitisk nøytralt. Leiar og nestleiar kan i lys av dette ikkje ha verv i partipolitiske organ på fylkes- eller nasjonalt nivå. Dette bør også være ei norm for dei resterande medlemmane i panelet.

5.3 Ungdomspanelet skal bestå av ungdom mellom 15 og 19 år med folkeregistrert adresse i fylket, i den aktuelle valperioden. Eit medlem kan ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet.

5.4 Under ungdommens fylkesting vil valkomiteen (valt av ungdommens fylkesting jf. forretningsorden) sin leiar gjere greie for komiteen sitt arbeid og innstilling. Deretter vil det bli opna for benkingar. Ein må oppgi kva kandidat ein stiller imot. Før avstemming vil det bli gitt høve til valtalar for dei innstilte kandidatane, og dei som eventuelt har blitt benka. For dei andre bestemmingane, sjå i forretningsorden forungdommens fylkesting.

5.5 Medlemmane blir valt for to år, og halvparten er på val kvart år. Leiar og nestleiar blir valt kvart år. Varamedlemmane blir valt for eitt år. Melder eit medlem forfall, blir varamedlemmane kalla inn etter rekkefølge.

5.6 Vedtak ved personval blir gjort med alminneleg fleirtal. Dersom stemmetalet er likt, skal det haldast ny avstemming. Den som får flest stemmer etter den nye avstemminga, er valt. Dersom stemmetalet framleis er likt etter den nye avstemminga, blir valet avgjort ved loddtrekning, jf. kommunelova § 7-8.

§ 6 ØKONOMI OG ADMINISTRASJON

6.1 Møre og Romsdal fylkeskommune sett av økonomiske midlar til ungdommens fylkesting og sørger for nødvendig personell for å gjennomføring av tingsamlinga.

6.2 Kost og losji for delegatane på ungdommens fylkesting blir dekt av Møre og Romsdal fylkeskommune. Reisekostnadar blir dekt tilsvarande prisen for FRAM Ung – periodebillett ungdom.

§ 7 ENDRING AV VEDTEKTER

7. 1 Fylkestinget i Møre og Romsdal har mynde til å endre vedtektene for ungdomspanelet. Vedtektene kan likevel berre bli endra etter framlegg frå ungdommens fylkesting og/eller ungdomspanelet.