Elevforsikringer for elevar i Møre og Romsdal fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune har etablert fleire forsikringsordningar for elever ved den vidaregåande skole. Under følger en informasjon om forsikringsordningane som gjeld. Videre også litt om kva ordningar når elever er utplassert i arbeidstrening.

Informasjon under er ikkje uttømmande, men gir en kort beskriving. Dersom ein er usikker på noko må en ta kontakt med skolens forsikringsansvarleg.

G = folketrygdas grunnbeløp. (per 1. mai 2024 NOK 124 028)

KLP = Kommunal Landspensjonskasse

NAV = statleg myndigheit som hjelper deg med arbeid, helse, familie, pensjon og sosiale tenester

Ved alle hendelser i skoletida og når en er ute i arbeidstrening som medfører skade på en eller flere elever skal skolen melde hendelsen til NAV. Det er viktig fordi elever har rettigheter i forhold til yrkesskadeerstatning i henhold til folketrygdloven.

Ulykkesforsikring

Alle elevar/lærlingar, vaksne deltakare og lærekandidatar i vidaregåande skole er dekt av en ulykkesforsikring i skoletida og i arrangement organisert av skolen.

Når gjeld forsikringsavtalen?

Utdrag av forsikringsvilkåra:

  • innafor skolens område og naturlege nærområde under ordinær skoletid
  • under deltaking i undervisning, leker, idrettsutøving, ekskursjonar, stemner, reiser m.m. under skolens leiing, her under Operasjon Dagsverk.
  • under reiser/arrangement elles som har karakter av klassetur o.l. og kor lærer eller andre som er utpekt frå skolen som ansvarleg deltar.
  • på direkte veg til og frå skolen og heimen
  • under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet som en del av undervisninga i skolens regi. Forsikringa gjeld da skader som inntreff i ordinær arbeidstid og på direkte veg mellom heimen og arbeidsstaden.
Kva er omfatta av forsikringsavtalen?
  • Erstatning ved død (1G)
  • Erstatning ved livsvarig medisinsk invaliditet (inntil 5G). Full erstatning ytes når invaliditetsgraden er fastsatt til 70 % eller meir. Ved lavere invaliditet reduseres erstatningen forholdsmessig
  • Behandlingsutgifter (blir eventuelt betalt i inntil 3 år etter skadedagen, avgrensa til inntil 1G). For behandlingsutgifter blir det trekt eigenandel på 0,010 av G.
  • Det er en føresetnad at behandling blir utført av en som har rett til full tilbakebetaling frå folketrygda når behandling er foreskrevet av lege eller tannlege for kurativ behandling.
Avgrensing - behandlingsutgifter
  • Forsikringa omfattar ikkje utgifter til opphald i hotell, rekonvalesentheim, privat sjukehus eller liknande.
  • Ulykkesforsikringen gir ikkje rett til erstatning ved behandlingsutgifter, når slik erstatning er dekket med heimel i folketrygdlova eller yrkesskadeforsikringslova.

Reiseforsikring

Møre og Romsdal fylkeskommune har reiseforsikring som gjeld for elevar som skal på reise i regi av skolen.

Forsikringa gjeld når elever er på reiser inntil 90 dagar. Reiseforsikringa dekker:

  • Død og invaliditet NOK 500 000
  • Sjukeutgifter/heimtransport – uavgrensa sum
  • Reiseansvar
  • Avbestillingsforsikring

Yrkesskadeforsikring med heimel i Lov om yrkesskadeforsikring

Elevar i vidaregåande skole er automatisk yrkesskadeforsikra etter folketrygdlova (som ikkje må samanblandast med yrkesskadeforsikringa med heimel i lov).

Lov om yrkesskadeforsikring

Lova pålegg arbeidsgivar å teikne forsikring til dekning av yrkesskade og yrkessjukdom som arbeidstakar blir påført.

Lærlingar og lærekandidatar er arbeidstakarar etter denne lova. Lærebedrifta skal difor ha yrkesskadeforsikring. Det same gjeld elevar som har praksis i bedrift. Arbeid i samband med Operasjon Dagsverk fell utanfor.

Når skolen inngår avtale om praksisplass for elevar, skal skolen kontrollere at bedrifta har yrkesskadeforsikring som dekker eleven.

Elevar har ofte praksisplass i små bedrifter/enkeltmannsføretak som ikkje har yrkesskadeforsikring eller som må utvide si forsikringsavtale for å kunne ta imot eleven.

I tilfelle der eit enkeltmannsføretak ikkje sjølv ønskjer å teikne forsikring, er det mogleg å teikne forsikring i KLP. Skolen kan betale forsikringspremien.

Yrkesskadeforsikringa gjeld i tillegg til ulykkesforsikringa.

Arbeidspraksis i utlandet

Elevar som har yrkespraksis i utlandet eller lærlingar som har ein del av læretida utanlands, vil vere omfatta av fylkeskommunens ulykkesforsikring, men vil ikkje vere dekt av yrkesskadeforsikringslova da denne lova gjeld arbeidsgivarar på norsk territorium.

Møre og Romsdal fylkeskommune har en avtale med KLP som dekker skader som skjer på arbeidsplassen. Skolen bør avklare med via forsikringsansvarleg i Møre og Romsdal fylkeskommune når slike utpasseringer skjer, dette for å sikre at elevane er dekt i det aktuelle område og i aktuell periode.

Følgande forsikringar gjelder i perioden ein er utplassert

  • Reiseforsikring gjeld for heile opphaldet i inntil 90 dager
  • Ulykkesforsikringen gjelder i arbeidstida
  • Ulykkesforsikring som gjelder kun for hendelser som skjer når en er i arbeid.
    • Erstatning ved livsvarig medisinsk invaliditet 22 G
    • Erstatning ved død 1 G

Rutinar for å melde skade

Skade etter elevulykke skal meldes til NAV på fastsett skjema. Meldinga skal sendes inn av skolen.

Dersom det er en skade som kan gi varige medisinsk invaliditet, eller behandlingsutgifter som ikkje blir dekka av NAV, skal man kontakte KLP. Dette skjer via den forsikringsansvarlege i Møre og Romsdal fylkeskommune som startar skademeldinga og sender den videre til den aktuelle skole. Dette er for å sikre at informasjon kjem fram på en sikker måte (krypterte).

Skolen skal arkivere ein kopi av skademeldinga til NAV. Denne skademeldinga aksepterer KLP som melding også til KLP, noko som er viktig i forhold til seinskadar.