Personvernerklæring Møre og Romsdal fylkeskommune

Denne personvernerklæringa gir ei oversikt over Møre og Romsdal fylkeskommune si generelle behandling av personopplysningar og for nettstaden www.mrfylke.no og tilhøyrande sider.

Møre og Romsdal fylkeskommune behandlar personopplysningar for å levere ulike tenester. Kva formål personopplysningane blir behandla til, avheng av kva tenester fylkeskommunen leverer til deg. Du vil finne nærare informasjon om dette knytt til dei enkelte tenestene.

Regelverk med verknad for fylkeskommunen si behandling av personopplysningar

Personopplysningsloven inneheld reglar om korleis personopplysningar som blir samla inn vil bli behandla, korleis dei blir sikra, kven som har tilgang og om dei kan bli utlevert til andre.

Offentleglova med forskrifter inneheld reglane for når eit dokument er offentleg, og når ein kan gjere unntak for offentlegheit. Fylkeskommunen praktiserer meiroffentlegheit, som inneber at vi prøver å vere mest mogeleg opne for innsyn frå omverda.

Forvaltningslova inneheld saksbehandlingsreglar for korleis saka di vil bli behandla i fylkeskommunen. Som part i saka har du særskilte rettar, mellom anna om innsyn i dokumenta til saka.

Arkivlova inneheld reglar for korleis ulike dokument skal bli oppbevart, blant anna om lagring i arkivinstitusjon.

Fylkeskommunen sine nettsider

Fylkeskommunen samlar vanleg besøksstatistikk for nettsidene sine ved hjelp av analyseverktøyet Monsido. Opplysningane blir berre brukt i drifta og til vidareutvikling av fylkeskommunen sine nettsider. Ingen informasjon blir sendt eller lagra utanfor EU, då Monsido driftar i samsvar med den til kvar ein tid gjeldande versjonen av EU si personvernforordning og dessutan lov om behandling av personopplysingar. Monsido har eit eigenutvikla statistikk- og analyseverktøy som anonymiserer IP-adresser for å sikre samsvar med GDPR. Opplysningar som Monsido tek i mot er underlagt deira retningslinjer for personvern. Databehandlar for desse tenestene er Acos.

Tilbakemeldingsfunksjonen på nettsider

Det blir ikkje registrert informasjon om deg som brukar når du trykker på på «Fann du det du leita etter?». Dersom du trykker på dette, kan du sjølv velje å legge igjen kontaktinformasjon, men denne blir berre brukt til å eventuelt svare ut det aktuelle spørsmålet.

Påmeldingsskjema på nettsider

Påmeldingsskjema på www.mrfylke.no som blir brukt til arrangement i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune er kryptert (SSL). Det er berre arrangør, nettredaktør og administrator som har tilgang til dei opplysningane du sender inn til fylkeskommunen via påmeldingsskjemaet. Opplysningane blir berre brukt til administrasjon av arrangementet, og dei blir sletta når arrangementet er avvikla.

Nyheitsbrev

Møre og Romsdal fylkeskommune sender ut nyheitsbrev på e-post til dei som ønsker. Nyheitsbrevet inneheld primært nyheitsartiklar, og blir sendt ut ein til to gonger i veka.

For at vi skal kunne sende deg nyheitsbrev på e-post, må du registrere ei e-postadresse. E-postadressa vil berre bli brukt til å sende ut nyheitsbrev og brukarundersøkingar om nyheitsbrevet for å få tilbakemelding om kva lesarane har behov for og kva dei synest er interessant. Når du melder deg på nyheitsbrevet, samtykker du til behandlinga vår av opplysningar om deg. E-postadressa blir lagra i ein eigen database drifta av vår databehandlar Make AS. Adressa blir ikkje delt med andre og blir sletta når du melder deg av nyheitsbrevet.

Du kan melde deg av ved å trykke på lenka for dette i nyheitsbrevet, eller ved å kontakte oss. Møre og Romsdal fylkeskommune behandlar personopplysningane fram til du melder deg av nyheitsbrevet.

Behandlingsgrunnlaget for behandling av e-postadressa di i tilknyting til nyheitsbrevet, er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a, altså samtykke. Du kan når som helst trekke samtykket tilbake ved å melde deg av nyheitsbrevet. At du trekker samtykket ditt, vil ikkje påverke lovlegheita av behandlinga av personopplysningar som skjedde før du trakk samtykket tilbake.

Del/tips-tenesta

Del/tips-tenesta kan du bruke til å vidaresende tips eller dele artiklar frå nettsidene våre. Opplysningar om tips blir ikkje lagra, men tipset blir lagt inn hos det eventuelle nettsamfunnet du vel. Korleis det aktuelle nettsamfunnet handterer opplysningane vidare, blir regulert av avtalen din med nettsamfunnet.Om du brukar tenesta til å sende lenke via e-post lagrar vi ikkje e-postadressene du sender til, eller andre opplysningar du legg inn.

Kontakt via e-post

E-post er ikkje ein sikker kanal for informasjonsutveksling, då informasjon kan kome på avvege. Vi oppmodar derfor til ikkje å sende sensitive eller fortrulege opplysningar til fylkeskommunen per e-post. Skal du sende fortrulege opplysningar kan du bruke e-Dialog eller sende oss brev.

Samtykke

Dersom behandlinga vår av personopplysningar skjer med grunnlag i samtykke, kan dette når som helst trekkast tilbake, og fylkeskommunen vil då avslutte den aktuelle behandlinga av personopplysningane. At du trekker samtykket ditt, vil ikkje påverke lovlegheita av behandlinga av personopplysningar som skjedde før du trakk samtykket tilbake.

Innsyn i eigne opplysningar

Du kan be om innsyn i kva behandling av personopplysningar fylkeskommunen gjer. Du kan og når som helst be om å sjå opplysningane vi har registrert om deg.

Retting/sletting av opplysningar

Dersom du finn at opplysningane om deg er unøyaktige eller ufullstendige, kan du krevje å få opplysningane retta eller sletta.

Når det ikkje lenger er behov for personopplysningane vil dei bli sletta i tråd med regelverket.

Avgrensa behandling

I enkelte situasjonar kan du be oss avgrense behandlinga av opplysningar om deg.

Protestere mot en behandling av personopplysningar

Dersom vi behandlar opplysningar om deg med grunnlag i oppgåvene våre eller på bakgrunn av ei interesseavveging, har du rett til å protestere på behandlinga vår av opplysningar om deg.

Dataportabilitet

Dersom vi behandlar opplysningar om deg med grunnlag i samtykke eller ein kontrakt, kan du be oss om å overføre opplysningar om deg til deg eller til ein annan behandlingsansvarleg.

Personvernombod

Dersom du meiner vi ikkje etterlever reglene i personopplysningsloven, eller har spørsmål til behandlinga vår av personopplysningar, kan du kontakte personvernombodet vårt, Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal. Kontaktinformasjon finn du på https://www.ikamr.no/kontakt-personvernombod.

Klage på vår behandling av personopplysningar

Du kan også klage på behandlinga vår av personopplysningar. Dette gjer du til Datatilsynet.

Kontakt

Har du krav om innsyn, retting/sletting av opplysningar, eller anna som gjeld fylkeskommunen si behandling av personopplysningar, ta kontakt med oss per e-post post@mrfylke.no eller Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkeshuset, 6404 Molde.