I-04 Reglement for Formannskapet

§ 01 VAL OG SAMANSETTING

Formannskapet har 5 medlemmer med varamedlemmer.

Medlemmene i formannskapet er også medlemmer i klagenemnda og valstyret.

§ 02 FUNKSJON, ANSVAR OG HOVUDOPPGÅVER

Formannskapet er heimla i kommunelova § 5-6.

Formannskapet sitt ansvarsområde og myndigheit går fram av kommunelov, reglement, delegeringsreglement, økonomireglement og ev. vedtak i kommunestyret. Hovudoppgåvene for formannskapet er økonomisaker, plansaker og enkelte saker etter særlov.

Formannskapet utarbeider forslag til årsbudsjett og økonomiplan.

Formannskapet er valstyre.

§ 03 MØTE OG SAKSBEHANDLING

Det blir vist til gjeldande reglement (I-02) med gjennomgåande reglar for møte og saksbehandling.

§ 04 SEKRETARIAT

Rådmannen har ansvaret for at sekretariatsfunksjonen blir utført tilfredsstillande.