I-01 Forskrift om folkevalde sine økonomiske vilkår

§ 1 Føremål og verkeområde

Forskrifta sitt føremål er å regulere rettigheitene folkevalde har etter kommunelova kapittel 8 i Øystre Slidre kommune.

§ 2 Definisjonar

Med folkevald meiner ein i dette reglementet medlemmer i kommunestyret, formannskapet og andre organ oppnemnde i medhald av kommunelova, og til interkommunale organ heimla i kommunelova eller i særlov.

§ 3 Fast årleg godtgjersle

§ 3-1 Ordførar

  • Ordførar si godtgjersle skal utgjere 80 % av stortingsløn. Det blir ikkje utbetalt møte-/arbeidsgodtgjersle/tapt arbeidsinntekt eller anna utover den faste godtgjersla.
  • Godtgjersle gjer ikkje rett til feriepengar. Ordføraren har høve til å avvikle normal ferie gjennom året, utan reduksjon av godtgjersla.
  • Ordførar får utbetalt sjukelønn i arbeidsgjevarperioden. Etter dette må ordførar krevje sjukepengar direkte frå NAV for den resterande sjukmeldingsperioden. Kommunen vil betale mellomlegget mellom full godtgjerse og det som blir utbetalt frå NAV.
  • Ordførar skal meldast inn i den kommunale pensjonsordninga.

§ 3-2 Varaordførar

  • Varaordførar skal ha ei fast årleg godtgjersle på 15 % rekna av den faste godtgjersla til ordføraren for arbeidet i vervet som varaordførar. Den faste godtgjersla inkluderar også godtgjersle når varaordførar fungerer som ordførar (i ferie, ved sjukdom og liknande). Det blir ikkje utbetalt møte-/arbeidsgodtgjersle/tapt arbeidsinntekt eller anna utover den faste godtgjersla.

§ 3-3 Formannskapet og leiar i fast organ

  • Dei faste medlemmene i formannskapet, unntatt ordførar og varaordførar, skal ha ei fast årleg godtgjersle på 2,0 % rekna av godtgjersla til ordføraren.
  • Leiaren av kontrollutvalet, kommunestyrekomite, eldrerådet, råd for personar med nedsett funksjonsevne, sakkunnig takstnemnd og sakkunnig klagenemnd for eigedomsskatt skal ha fast godtgjersle etter følgjande satsar:
    • Organ med 12 møte eller meir per år: 2 % rekna av godtgjersla til ordføraren
    • Organ med 6 –11 møte per år: 1 % rekna av godtgjersla til ordføraren
    • Organ med 2 – 5 møte per år: ½ % rekna av godtgjersla til ordføraren
    • Organ med under 2 møte per år: ingen fast godtgjersle

Den faste godtgjersla etter dette punktet, er godtgjersle for særleg belastning i ombodet, t.d. særskilt førebuing til møte, representasjon og opplæring utanom opplæringsplanen. Møtegodtgjersle etter pkt. 5.3 og utgiftstdekning/tap i arbeidsinntekt kjem i tillegg til den faste godtgjersla.

§ 3-4 Reduksjon i godtgjersle ved fråvær

Dersom ein medlem som får fast godtgjersle deltek i mindre enn 1/2 av møta det aktuelle organet har i løpet av kalenderåret, blir den faste godtgjersla redusert med 50%. Dersom ein varamedlem deltek i minst 1/3 av utvalet sine møte, har vedkomande rett til 50% av den faste godtgjersla. Ein varamedlem som deltek i minst 2/3 av møta, har rett til full fast godtgjersle.

Om ein medlem har permisjon frå det politiske vervet som utløyser rett til fast godgjersle i minst tre månader i samanheng, blir det ikkje utbetalt fast godtgjerlse i permisjonstida.

§ 4 Arbeidsgodtgjersle

§ 4-1 Generelt

Rett til arbeidsgodtgjersle har dei som er folkevald i Øystre Slidre kommune, jf. § 2. Retten gjeld i samband med møte i organ etablert med heimel i kommunelova eller særlov, ved representasjon og ved opplæring etter opplæringsplan. Arbeidsgodtgjersle blir enten gjeve som fast godtgjersle eller som godtgjersle per møte.

§ 4-2 Arbeidsgodtgjersle per møte

  • Medlemmer i kommunestyret, formannskapet, kommunestyrekomite, kontrollutvalet, ungdomsrådet, eldrerådet, råd for personar med nedsett funksjonsevne, sakkunning takstnemnd, sakkunnig klagenemnd for eigedomsskatt og ev. andre organ oppnemnt i medhald av kommunelova, skal ha 0,13 promille av ordførar si godgjersle per time i arbeidsgodtgjersle for ordinære møte i desse organa.
  • Ved utrekning av godtgjersla skal møtelengda avrundast til næraste halve time.

§ 5 Dekking av tap i inntekt og dekking av utgifter

§ 5-1 Generelt

Folkevalde som har hatt tap i inntekt, eller har hatt utgifter i samband med vervet, skal kvart kvartal levere inn spesifiserte krav om dekking av tap i inntekt, og dekking av utgifter som vervet har medført. Ved framsetjing av kravet skal det brukast skjema som rådmannen fastset, og kravet skal dokumenterast. Det blir føresett at den folkevalde ikkje tek meir fri frå ordinært arbeid enn det som er naudsynt i kvart einskild tilfelle.

Tapt arbeidsforteneste kan også dekkast gjennom at arbeidsgjevar fakturerer kommunen direkte for fråver, for å hindre at folkevalde tapar pensjon.

Offentleg tilsette må ha teke ut dei avtalefesta rettane til fri med lønn før dekking av tap i inntekt blir gjeven.

§ 5-2 Tap i arbeidsinntekt

Folkevalde som har legitimert tap i inntekt som følgje av vervet, skal ha erstatta tapet med inntil 0,37 % av ordførar si godgjersle per dag. For reise til/frå møte kan det dekkjast tap i inntekt med inntil ein time kvar veg.

Dersom tapet i inntekta ikkje kan legitimerast, skal det gjevast erstatning for tapet med inntil 0,21 promille av ordførar si godgjersle per time, maksimalt 8 timar per dag.

Godtgjersle for tap av inntekt blir berre gjeve til dei som har eit faktisk tap i inntekta. Refusjon for det faktiske tapet i arbeidsinntekta skal førast opp på reiserekninga og skal grunngjevast.

§ 5-3 Dekking av reiseutgifter

Folkevalde som har hatt reiseutgifter i samband med vervet, får dekka dette i medhald av kommunalt reiseregulativ.

§ 5-4 Godtgjersle for omsorg

Folkevalde som i samband med vervet har hatt særlege utgifter til pass av barn eller pleietrengjande, som andre pårørande ikkje kan gje nødvendig omsorg, skal ha inntil 0,16 promille av ordførar si godgjersle per time for legitimerte utlegg, og 0,08 promille av ordførar si godgjersle per time for ulegitimert utlegg.

§ 5-5 Telefon

Ordførar skal ha kommunal mobiltelefon til bruk i vervet.

§ 6 Pensjon og etterlønn

Ordføraren skal vera innmeldt i den kommunale pensjonsordninga. Ved avgang ved utløpet av valperioden, kan ordføraren søkje om å få utbetalt ettergodtgjersle i inntil 3 månader dersom ordføraren ikkje går inn i ny stilling. For ev. avkorting av dette beløpet blir det vist til kommunelova § 8-6.

§ 7 Tolking av reglar

Ved tvil om tolking av desse reglane skal saka utgreiast av rådmannen og leggjast fram for ordførar til avgjerd. Der ordførar er part i saka, skal saka avgjerast av formannskapet.

§ 8 Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft frå 1. mai 2021.

Vedlegg

    Skjema for dekking av økonomisk tap for folkevalde

  • Compilo dokument ID: 839
  • Versjons ID: 1206
  • Forfatter: Hagen, Tor Arthur
  • Opprettet: 04.07.2014
  • Sist endret: 11.02.2020
  • Revidert: 10.02.2021 av: SYS, Superbruker Stab + Plan