I-10 Reglement for råd for menneske med nedsett funksjonsevne

§ 01 VAL OG SAMANSETTING

Rådet har 5 medlemmer med personlege varamedlemmer. Medlemmene blir oppnemnde for valperioden av kommunestyret, slik:

Tre medlemmer skal representere menneske med nedsett funksjonsevne, av desse skal eitt medlem representere lag for menneske med psykiske lidingar. Relevante interesseorganisasjonar har rett til å komme med framlegg om desse medlemmene.

Eitt medlem bør veljast blant medlemmene i formannskapet, og eitt medlem bør veljast blant dei andre medlemmene i kommunestyret.

Leiar og nestleiar i rådet blir oppnemnde av kommunestyret, og skal peikast ut mellom representantane frå interesseorganisasjonane, og etter forslag frå desse.

§ 02 FUNKSJON, ANSVAR OG HOVUDOPPGÅVER

Rådet er oppretta med heimel i Lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne av 17. juni 2005.

Rådet er eit rådgjevande organ som skal ha til behandling saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne.

Rådet kan også sjølv ta opp saker.

Møteprotokollen/fråsegner frå møta i rådet skal følgje saksdokumenta til dei kommunale organ som tek endeleg avgjerd i saka.

Rådet disponerer eige budsjett. Tilvisingsmyndigheit ligg til rådmannen.

§ 03 MØTE OG SAKSBEHANDLING

Rådet skal ha møte når leiaren finn det naudsynt, eller når minst 2 medlemmer krev det. Møta skal haldast for opne dører.

Rådet skal kallast inn skriftleg etter godkjent møteplan, og med 6 dagars varsel. Saksdokumenta skal sendast medlemmer og varamedlemmer og andre som har møterett. Rådet er vedtaksført når minst halvparten av medlemmene er til stades. Avgjerd blir gjort med simpelt fleirtal. Ved likt stemmetal er leiaren si dobbeltstemme avgjerande.

Ordførar og rådmann kan ta del i drøftingane i rådet. Ordføraren kan la seg representere ved ein annan medlem av formannskapet, og rådmannen kan la seg representere ved annan tenestemann.

Gjennomgåande reglement I-02, gjeld elles så langt det høver.

§ 04 SEKRETARIAT

Rådmannen har ansvar for å stille naudsynt sekretariat til rådvelde for rådet. Sekretariatet kan i samarbeid med leiaren kalle inn andre det tenleg å rådføre seg med.